Turkmenistan
Treng oppdatering: (2026) |
| Turkmenistan | |||
| Türkmenistan | |||
|
|
|||
| Adjektiv: turkmensk | |||
| Motto | Ikkje noko | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonaldag | 27. oktober | ||
| Nasjonalsong | «Garaşsyz, Bitarap,Türkmenistanyň Döwlet Gimni» | ||
| Hovudstad | Asjkhabad | ||
| Offisielle språk | Turkmensk[1] | ||
| Flatevidd | 491 210 km² | ||
| Folketal | 6 117 933 (2021)[2] | ||
| Sjølvstende frå Sovjetunionen |
|||
| • Erklært | 22. august 1990 | ||
| • Anerkjent | 26. desember 1991 | ||
| Styresett | Einskapleg presidentiell republikk under eit totalitært arvediktatur | ||
| • President | Serdar Berdimuhamedow | ||
| • Visepresident | Raşit Meredow | ||
| Tidssone | UTC +5 | ||
| Valuta | Turkmensk manat | ||
| Telefonkode | +993 | ||
| ISO 3166-kode | TM | ||
| Toppnivådomene | .tm | ||
| Wikimedia Commons: Turkmenistan | |||
Turkmenistan[a] er eit land i Sentral-Asia.[3][4] Det grensar til Afghanistan, Iran, Kasakhstan, Usbekistan og Kaspihavet.
Kommunistpartiet i landet er det einaste tillatne.[treng kjelde] Presidenten vart dyrka gjennom avbildingar og statuar, medan dei to bøkene hans er pensum i skulen. Reiser og kommunikasjon, til dømes media, er underlagde streng kontroll.

Historie
[endre | endre wikiteksten]På 1100- og 1200-talet vart byen Merv ein av dei største byane i verda, med eit innbyggartal på opptil 500 000.
Turkmenistan var eit diktatur fram til desember 2006, då den sjølvutnemnde livstidspresidenten Saparmurat Nijazov døydde. Han styrte landet saman med det tidlegare kommunistpartiet i landet, som er det einaste tillatne.[bør utdjupast ]
Klima
[endre | endre wikiteksten]
Turkmenistan har eit kontinentalt klima med store daglege og årlege temperatursvingingar. Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i landet. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Karakumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Dei mest støvete områda er dei sentrale områda av Turkmenistan, som kan ha 60 eller fleire slike dagar i året. Sjølv dei sentrale ørkenområda får nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 °C. Om sommaren kjem temperaturen sjeldan under 35 °C; om vinteren fell han ofte under -30 °C. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behagelege temperaturar, mykje sol og lite nedbør. Asjgabat har ein årleg nedbørsnormal på 228 mm, men i ørkenområda kjem det berre kring 80 mm nedbør i året. I fjellstrøka kan det kome kring 300 mm.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «14», Türkmenistanyň Konstitusiýasy (på turkmensk), Wikidata Q2505378
- ↑ World Bank Open Data, Verdsbanken, Wikidata Q21540096
- ↑ «Turkmenistan» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Kledal, Birger. «Turkmenistan» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 2026-08-06.
- Denne artikkelen bygger på «Turkmenistan» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2005.
- Denne artikkelen bygger på «Politics of Turkmenistan» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2005.